Kva er homeopati?

UrtemedisinDet homeopatiske prinsippet vart satt i system av den tyske lege og farmasøyt Samuel Hahnemann
(1755- 1843).

Grunnprinsippet i homeopatien er at likt kurerer likt. Det vil sei at den medisinen ein pasient får for plagene sine, kan framkalle same symtoma, som dei pasienten har, hjå ein frisk person.

F.eks løk som fører til rennande auge og nase (når vi skjer løk), er utgangsstoffet til ein av dei mest brukte homeopatiske medisinane for allergi (høysnue) med tilsvarande symptom.

Det homeopatiske prinsippet er nevnt allerede frå oldtida. Bl.a. Hippokrates, kalt legekunstens far, gav også medisin etter dette prinsippet. Etter at Hahnemann grunnla homeopatien i Tyskland har behandlingsforma gradvis spreidd seg over heile verda.

I Norge har vi hatt praktiserende homeopater frå slutten av 1800 talet.I dag er dei godkjente homeopatane er tilslutte Norske Homeopaters Landforbund (www.nhl.no)

I andre land i Europa er homeopatien meir utbreidd, for eksempel i England der det også er fleire homeopatiske sykehus. Både i Frankrike, Tyskland, Hellas, Belgia og Nederland er det og mange legar som praktiserer homeopati.

Homeopati er ei individuell behandlingsform, det vil sei at vi ikkje føreskriv medisinen berre utifrå medisinsk diagnose, men tar hensyn til dei ulike påvirkningane sjukdommen har på personen og personlege egenskapar.

Dermed kan for eksempel tre pasienter med hodepine få tre ulike medisiner. Dette pga at hodepinen arter seg ulikt, og personane ellers har andre ulike småplager, samt at dei har ulik personlighet.

Derfor er det viktig med ein grundig gjennomgang og kartlegging av symptoma til pasienten, for å finna den riktige medisinen til vedkomande.